søndag 17. mars 2013

Æ vil itt blogg om no' nægativt!

Nett no har eg ikkje lyst til å blogge om noko negativt! Eg har oppdaga QuizBattle. Eller, oppdaga er vel eigentleg ikkje riktig. Eg har jo visst om det like lenge som alle andre. Men da eg, med android naturlegvis, skulle spille på min mobil gjekk ikkje det. Heile to (!!!) gonger prøvde eg, men deretter gadd eg ikkje meir. Så satt eg der da. Alle rundt meg spilte QuizBattle, eg la fortsatt kabal. Kanskje litt bejeweled eller yatzy ein gong i bland. Det var gøy, men også irriterande når folk kom bort til meg og spurde meg om svara på spørsmåla dei fekk. Eg hadde jo slått dei alle, knusa dei ned i de små conversa deira, om eg hadde spilt mot dei. Dei kan jo ikkje så særlig mykje av det som heiter allmennkunnskap. Men så er me ikkje vaksne heilt enno då, og eg veit i alle fall med meg sjølv av eg har masse, masse igjen å lære. Uansett, mobilspill kjem og mobilspill går. Plutselig var QuizBattle over. Slik er det med alt, nesten. Drawsomething, Fruit Ninja, Wordfeud og slike ting. Men til slutt var eg lei. Eg kan ikkje la ein spillbølge passere slik utan at eg har prøvd han! Eg gjorde eit siste forsøk, og jammen gjekk det ikkje denne gongen. Spelet var på plass! Vips, så var eg i gong, og det tok ikkje lang tid før eg hadde fått med meg venninna mi på eit spill. Ho svarar kan hende berre ein gong i veka, men det er ikkje poenget. Eg får spille QuizBattle. Og sjølv om det høres heilt patetisk ut å vere etter alle andre, er det ikkje eigentleg slik. Det er som å få alle gavene på nyttårsaften, mens alle andre fekk dei på julaften. Du kan glede deg lengre, mens alle står rundt og er misunnelege, sjølv om dei vet at dei ikkje har grunn til det. Berre i litt mindre skala en jul. Det er jo tross alt berre eit spel me snakkar om.